Dag 20: 15 timer i Pattaya var meir enn nok

Plutseleg satt me på ein buss frå Bangkok til Pattaya. Me hadde absolutt ingen planer om å innom Pattaya på noken som helst måte før me reste på tur. Men planer er for endrast! Bussturen tok 2 eller 3 timer, var heilt inni ei bok så mista tida ei beite der! Tom Roar var litt småkvalm etter taxituren så han husker ikkje heilt han heller. Me hadde vel ein viss formeining om håssen Pattaya såg ut, og tilstandene der før me kom fram. Men prøva så godt me konne å møte opp med blanke ark. På turen frå busstasjon til hotellet fant me fort ut at det var akkurat den ekstreme turistmaskina me trudde, bare enda litt større! Hotellet låg midt i byen, det var grett nok hotel. I løpet av 3 timer hadde me rekke å ete mat, sett ein fin solnedgang og studert diverse figurer i handlegatune og på barane. Me fant fort ut at her var det bare å komme seg vekk frå, eg lika meg ikkje her..og ikkje Tom Roar heller. Jaja, det bar jo ein opplevelse detta au! Det beste med dagen var å gå på kino. Innmari bra kinosal med et lydanlegg som ingen norske kinoer Har. Eller sikkert ikkje har, fordi det ikkje er lov i Norge med slik høg lyd;) I den store kinosalen satt me klare, åt sprettkønn og venta på at kinoen skulle starte, det var selfølgeleg masse reklame akkurat som heime. Men så reste dom 10 andre personane i kinosalen seg opp, hææææ hått skjer, ska dom gå eller?!? Det tok 1 sekund så såg kom den Thailandske kongefamilien på kinolærretet, litt småforfjamsa reste me kånn au opp da!! Det blei 3-4 min med bilder og film av kongefamilien, me følte et snev av heimlengsel da både Kronprins Haakon og Mette Marit dukka opp på filmen au!

20.01.2014

This entry was posted in Thailand. Bookmark the permalink.

2 Responses to Dag 20: 15 timer i Pattaya var meir enn nok

  1. Elisabeth Fagereng's avatar Elisabeth Fagereng says:

    He he he, man tuller ikke med kongefamilien i Thailand 🙂

Leave a reply to Elisabeth Fagereng Cancel reply