Dag 18: Weekend mellom avstengte demonstrasjonsgater i Bangkok

På grunn av demonstrasjoner, avstengte gater og mulighet for meir uro i helga så var anbefalinga frå hotelpersonale å unngå å være ute på kveld/nattestid i dessa områda. Me har hotel nokså sentralt, så på dagen i dag har me vore på shoppingtur. Tenke å ta taxi til shoppingsenter for å unngå å rote kånn bort i ein plass me ikkje hørte heime. Men enda opp med ein gåtur til nærmaste shoppingsenter. Gatene me gjekk gjennom var avstengt for trafikk og fylt opp av massevis av utsalgsboder som stort sett solgte effekter til demomstrasjonen. Var ein avslappa og rolig stemning, me opplevde det som ei heilt normal handlegate. Einaste forskjellen var at eindel av folka hadde på seg t-skjorter, caps, fløyter eller andre effekter som viste at dom støtta demonstrasjonane. Så me bruka dagen på shopping. Kjøpte kånn hoppetaug. Prøva på finne meg ein ny shorts. Sjølv om eg la litt innsats i forsøket og faktisk gadd å  prøve sikkert 10 stk ga eg opp.  Shortsmoten i Bangkok kler ikkje meg:)  Er litt lei av å ete mat ute om dagen, men det gjorde susen med litt sushi på japansk restaurant. Etter mørkets frambrudd gjekk me i smågatene ved hotellet, handla litt lokal risgodt og anna snaks, før me bura kånn inne på hotelrommet. Såg  film, slappa av, surfa på nettet, skreiv eit blogginnlegg og kosa kånn.

18.01.2014

 

 

 

Posted in Thailand | Tagged , | Leave a comment

Dag 17: Frå trafikkkaos i Vietnam til demonstrasjoner i Bangkok

Om me ikkje var heilt vakne når me gjekk ut av rommet til frokost, så vakna me iallefall når me møtte på den lokale slangen. 1 meter lang, 2 cm i diameter , mørk i fargen og veldig ivrig venta den på byttet sitt mens den prøva å komme seg opp neste tråppetrinn! Sea me er så innmari oppmerksomme og raske så rakk den ikkje å gjere kånn noko. Ekling, godt me skulle reise videre i dag. Kan anbefale Mui Ne, her er både folkerike strender eller det motsatte, billig å leve, og er du glad i Cher så er det plassen du bare må reise! Bussturen tilbake til Ho Chi Min City tok 5 timer, det var 5 timer med jevn tuting og sikkert 500 forbikjøringer. Ikkje rart det kosta 48 kr. Hang i HCMC i 3 timer. Satt på et gatehjørne, åt mat, las bok, observerte trafikken og såg på følka som kom forbi! Tok taxi til flyplassen i fredagstrafikken, det tok tid! På flyplassen sjekka me vg nett som konne opplyse om opptøyer og demonstrasjoner i Bangkok. Tok fly til Bangkok, taxi til hotellet i byen og plutseleg var me i nærheten av avstengte gater og demonstrasjons områder. Får sjekke situasjonen meir imorgo, kanskje det blir ein hotelweekend i Bangkok.. 

17.01.2014

Posted in Vietnam | Leave a comment

Dag 16: Iskald start på dagen

Stod opp i otta,  blei plukka opp av privatsjøføren i Jeepen hans  kl.04.30! Me skulle sjå soloppgang frå kvite sanddynur, besøke raude sanddynur,  sjå ein fiskelandsby og innom eit spennande elvedelta! Temperaturen tidleg om morgon var ein ana enn det med var vant med på dagen. Detta hadde me ikkje heilt tenkt over før me satt i den åpne Jeepen. Me fraus etter 5 min, og småhutra resten av den 1 time lange kjøreturen. Eg drømte om dunjakka eg hadde på hotellrommet, mens Tom Roar tulla seg inn i et skjerf. Kom fram, me hadde håpa det ikkje var så mange andre som gadd stå opp tidleg for å sjå soloppgang, men me tok vist feil. Var vel 50 andre der! Det var ennå mørkt og kaldt! 95 % av dom andre hadde kledd seg godt! Jada, harbarka Norsker som me er, frys ikkje veit du! Fine sanddynur og soloppgang! Har sett meir spektakulært før, men det var vært turen. Sola kom, me tina opp og besøkte raude sanddynur der det var poppulært å skli på akebrett. Detta gadd me ikkje prøve sea det ikkje var lange nok bakker å skli i! Fiskelandsbyen var fullstappa av fiskere som kom inn med nattas fangst! Enorme mengder! Elvedeltaet var artig, var litt småbekymra for krokodiller der me gjekk å vassa oppover. Rakk heimatt til frokost kl. 08.30! Utnytta siste dagen her til å bade lenge i havet, litt små bølger i dag. Bada endameir i bassenget. Glømte å ta bilde av bassenget og det flotte området rondt! Tom Roar har endeleg fått snor på bankkode brikka si, som har vore vekk fleire gonger i  både Thailand, Malaysia og Vietnam!

16.01.2014 

 

Posted in Vietnam | Tagged , , | Leave a comment

Dag 15: Mui Ne

Har bada i store bølger igjen, var like moro som i går!  Ellers sett på 100 vis av kitere, det må lærast men ikkje akkurat nå! Kanskje seinere i vinter:)

15.01.2014

Posted in Vietnam | Leave a comment

Dag 14: Store bølger i Mui Ne

Dagens høgdepunkt: Ungane haddet det veldig moro med bading i store bølger. Det blåser ein jevn bris her, luftfuktigheten er veldig mykje mindre enn i Malaysia, og temperaturen ca. 30 grader. Etter å ha sjekka ut stripa med hotell og butikker, så kan me melde om enormt mykje russere, me enda opp på ein restaurant med bare russere, hadde ikkje heilt forventa det i Vietnam. Alle butikker har stort sett det samme vareutvalget; vann, sprit, solkrem, fake dunjakker, suvenirer, massevis av perlekjeder og utstoppa småkrokkodiller. Ja, det er ekte krokodiller, me har obsertvert dom levans i små bur. Liker ikkje!!

14.01.2014

Posted in Vietnam | Tagged , | Leave a comment

Dag 13: Ein lang reisedag til Vietnam

Dagens plan: Reise till Mui Ne i Vietnam. Me var forberedt på ein lang dag, flyet var bestilt og ruta til flyplassen i Kuala Lumpur var klar. Frå ankomst Vietnam var det meste usikkert, kanskje me kom til å havne blant dom heimlause i Ho Chi Min City neste natt?!
Taxi og ekspresstogturen gjekk på skinnur, i løpet av 1 time hadde me sjekka inn baggasjen på flyplassen. Mannen i skranken babla i veg om visa eller visum eller noko i den duren. Eg prøva meg fyrst med booking referansen som me hadde betalt i dyre dommer for å pritnte ut på hotellet! Dom krevde 40 kronur for å printe ut 5 ark, så syns det var viktig å få bruka dessa arka til noko fornuftig! Funka ikkje, han babla iveg igjen. Prøva med visa kortet, han babla enda meir. Ahaaa det var visumet kåns til Vietnam han ville ha. Gode til å planlegge som me er, hadde me sjekkat at me ikkje trong noko visum, men konne være 13 dager i Vietnam uten. Me prøva etter beste evne å forklare at me var frå Norge og ikkje trong visum! Han lura fælt og blei tilslutt enig. Kjent å konne lære ein Malayser noko nytt i dag!:)
Flyplassen var ny og flott, gjekk rett gjennom innsjekk, sikkerhetskontroll, passkontroll og enda to sikkerhetskontroller uten å stå i kø! Strøkent!
Passkontrollen i vietnam var null problem sjølv uten visum, baggasjen kom, uttak av penger var det værre med. Tom Roar var vist ikkje kredittverdig her nede, null penger på han;) Taxi til byen var ein opplevelse. Dom pressa inn 4 biler og 10 mopeder i bredda på den 3 felts vegen! Men oppi det heile var et system i kaoset. Fekk kånn ein bussbillett til Mui Ne, kun 15 min å vente. Flaks! Bussen hadde AC, gardiner med preg av skjærgårdsidyll, og lyste som et juletre i mørkeret! Tut å kjør, men i roleg tempo kjørt me ut frå Ho chi min city, godt me ikkje viste at gjennomsnittsfarten dom neste 6 timane skulle være 45 km/t. Trudde me hadde rista av kånn svenskane, men bak kånn på bussen satt ein svensk familie:) Kan umuleg være mange svensker igjen i sverige?!? Ellers var det ein lett blanding av lokale, europeiske turister og 3 kattunger. Både kattungane og me blei litt leie i løpet av turen. Frå starten av turen såg me masse bebyggelse, så gjekk det over til dyrka mark og lange lange strekker med tre nøye planta på rekke og rad. Ingen anelse håssen tre detta var, men blei enige om at det var gummitre sea me hadde lest at landet produserte gummi. Neste fase av turen gjekk med til å prøve å ikkje tisse på kån, samtidig blei me tvinga til å sjå et vitnamesisk popshow på fjernsynet. Det falt ikkje heilt i smak. Eller så gjekk det ein jevn strøm av mopeder langs heile vegen frå HCMC til Mui Ne. Aldri sett så mange mopeder i løpet av 6 timer! Kom tilslutt fram, fant et hotell for natta. Tom Roar lurer på håssen i all verden me skal komme kånn videre frå denna plassen her?!? Utslitte etter turen søvna me tilslutt, mens Gekkoen som budde her romsterte rondt på rommet. Nå har det blitt dag, ser flottere ut her i dagslys, skal ut å sjekke forholda:)
13.01.2014
Posted in Malaysia, Vietnam | Tagged , | Leave a comment

Dag 12: Turens desidert varmaste dag!

Fant ut at det var sondag, så sov litt lenge! Målet for formiddagen; ete lunsj i Chinatown. Ryktun sa at detta skulle være ein av dom beste Chinatown i verden. Etter 2 min gange merka me at det var noko så voldsomt varmt i dag. Svetten rant, me kaldsvetta nærmast hyperventilerte og trudde me såg syner da ei lys jente kom kånn vinkans imøte. Herreman det var jo Boråsvennene kåns, Malin og Maria:) Hehehe, artig:)  Verden er utruleg liten! Turen gjekk videre til Chinatown, det skulle vise seg å bli ein skuffelse. Det var ikkje noko anna en ei kort gate, stappfull av juggel og fake! Me hadde håpa på å finne ein bra lunsjplass her, men enda opp på ein heilt anna plass som me ikkje snakker høgt om! Etter meir gange i varmen, tok me kånn ein velfortjent fotmassasjerast! I kveld ska me ete vestleg mat, og lade opp til den lange turen me har i vente i morgo. Vietnam neste stopp!

Stor hilsen til Malin og Maria:)  God Tur videre, kanskje me møtast igjen!

12.01.2014

 

Posted in Malaysia | Tagged , | 2 Comments