Dagen start med båttur til områda utafor Sydney. Kjekt å sjå byen frå sjøsida, og ta enda litt fleire bilder av operaen..hehe. På havna traff me på ein kjenning, et av verdens største cruise skip, Queen Mary 2. Artig å møtast igjen på andre sida av jorda, sist gong var i sjølvaste trønderhovudstaden Trondheim Juni 2013. Sydney news skriv: “The biggest ocean liner to ever visit Australia, the Queen Mary 2, docked in Sydney Harbour early on Wednesday morning for a whirlwind visit as part of its second circumnavigation of Australia.” Båtturen var vellykka. Kom kånn akkurat i land før regnværet strarta igjen, ikkje fare for å bli solbrent i dag iallefall! Kvelden bruka me på å henge litt på nettet, viktig å organisere turen videre og fant ein bra restaurant der taco stod på menyen. Taco i Australia er ikkje som heime. Salat, ost, rømme, tacosaus det har dom ikkje, så da er det bare tacolefse og kjøtt som gjelder.
19.02.2014