Dag 35: Endeleg testa badevatnet, i Noosa!

Reste frå krokodillecampingplassen uten å ha sett ei einaste krokodille, dagens mål var ein 1,5 times kjøretur sørover. Det gjekk fort, måtte bare ha ein stopp for å behandle akutt dehydrert sjåfør. Miriam bestilte seg iskaffe, og fekk iskaffevarienten kaffe med vaniljeis oppi. Har blitt godt vant med venstrekjøring, hender jo det skjer ein glipp av den ufarleg varianten; bruk av vindusvisker istan for blinklys!;) Ser veldig mange døde kenguruer langs vegen, så er nok ein gronn til at alle anbefaler å ikkje kjøre mykje om kvelden. Har fleire gonger passert fareskilt med bilde av koalaer, men enda ikkje sett ein einaste Koala:( Kan ein gronn væra at dyra er ekstremt trege og sev 20 timer i døgnet?!? Noosa ska ifølge Lonelyplanet være: a stylish resort town with a stunning natural landscape of crystalline beaches and tropical rainforest. Enig i det, og kan melde om at vatnet i Noosa har perfekt temperatur og bølger. Stranda er full av sand som legg seg som et beskyttanslag utapå saltlaget ein fær etter badinga og solkremen ein tok på før badinga. Så faren for å bli solbrent er liten;) Her blir me nok værans ei beite framover!:)
04.02.2014
This entry was posted in Australia and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a comment