Endeleg avreise Australia, forsynt av sør-øst Asia og klar for nytt kontinent. Det blei ein lang reisedag, siste timane i Thailand blei bruka til henge litt rondt hotellet, ete et siste Thaimåltid og ta ein massasjetime. Veldig godt, trur det blit veldig lenge til neste gong! Flyselskapet Scoot skulle flyge kånn til Sydney, via Singapore. Billetten var billig, og selskapet minna veldig om Norwegian. Flyturen til Singapore gjekk grett. Scoot skulle spare penger så me måtte hente baggasjen sjølv, gå ut, og sjekke inn på nytt! Men fekk Singaporestempel i passet, så det var jo vert det. 8 timer Scoot til Sydney blei ein langdryg og kjølig fornøyelse, godt dunjakka var med! Skulle ein ha teppe, mat, drikke, eller sjå film kosta det ekstra. Blir ikkje meir langdistanseflygning med Scoot. Litt småøre landa me i ei ny tidssone, ti timer framfor Norge.
27.01.2014