Dag 18: Weekend mellom avstengte demonstrasjonsgater i Bangkok

På grunn av demonstrasjoner, avstengte gater og mulighet for meir uro i helga så var anbefalinga frå hotelpersonale å unngå å være ute på kveld/nattestid i dessa områda. Me har hotel nokså sentralt, så på dagen i dag har me vore på shoppingtur. Tenke å ta taxi til shoppingsenter for å unngå å rote kånn bort i ein plass me ikkje hørte heime. Men enda opp med ein gåtur til nærmaste shoppingsenter. Gatene me gjekk gjennom var avstengt for trafikk og fylt opp av massevis av utsalgsboder som stort sett solgte effekter til demomstrasjonen. Var ein avslappa og rolig stemning, me opplevde det som ei heilt normal handlegate. Einaste forskjellen var at eindel av folka hadde på seg t-skjorter, caps, fløyter eller andre effekter som viste at dom støtta demonstrasjonane. Så me bruka dagen på shopping. Kjøpte kånn hoppetaug. Prøva på finne meg ein ny shorts. Sjølv om eg la litt innsats i forsøket og faktisk gadd å  prøve sikkert 10 stk ga eg opp.  Shortsmoten i Bangkok kler ikkje meg:)  Er litt lei av å ete mat ute om dagen, men det gjorde susen med litt sushi på japansk restaurant. Etter mørkets frambrudd gjekk me i smågatene ved hotellet, handla litt lokal risgodt og anna snaks, før me bura kånn inne på hotelrommet. Såg  film, slappa av, surfa på nettet, skreiv eit blogginnlegg og kosa kånn.

18.01.2014

 

 

 

This entry was posted in Thailand and tagged , . Bookmark the permalink.

Leave a comment