Dag 16: Iskald start på dagen

Stod opp i otta,  blei plukka opp av privatsjøføren i Jeepen hans  kl.04.30! Me skulle sjå soloppgang frå kvite sanddynur, besøke raude sanddynur,  sjå ein fiskelandsby og innom eit spennande elvedelta! Temperaturen tidleg om morgon var ein ana enn det med var vant med på dagen. Detta hadde me ikkje heilt tenkt over før me satt i den åpne Jeepen. Me fraus etter 5 min, og småhutra resten av den 1 time lange kjøreturen. Eg drømte om dunjakka eg hadde på hotellrommet, mens Tom Roar tulla seg inn i et skjerf. Kom fram, me hadde håpa det ikkje var så mange andre som gadd stå opp tidleg for å sjå soloppgang, men me tok vist feil. Var vel 50 andre der! Det var ennå mørkt og kaldt! 95 % av dom andre hadde kledd seg godt! Jada, harbarka Norsker som me er, frys ikkje veit du! Fine sanddynur og soloppgang! Har sett meir spektakulært før, men det var vært turen. Sola kom, me tina opp og besøkte raude sanddynur der det var poppulært å skli på akebrett. Detta gadd me ikkje prøve sea det ikkje var lange nok bakker å skli i! Fiskelandsbyen var fullstappa av fiskere som kom inn med nattas fangst! Enorme mengder! Elvedeltaet var artig, var litt småbekymra for krokodiller der me gjekk å vassa oppover. Rakk heimatt til frokost kl. 08.30! Utnytta siste dagen her til å bade lenge i havet, litt små bølger i dag. Bada endameir i bassenget. Glømte å ta bilde av bassenget og det flotte området rondt! Tom Roar har endeleg fått snor på bankkode brikka si, som har vore vekk fleire gonger i  både Thailand, Malaysia og Vietnam!

16.01.2014 

 

This entry was posted in Vietnam and tagged , , . Bookmark the permalink.

Leave a comment