Dagens plan: Reise till Mui Ne i Vietnam. Me var forberedt på ein lang dag, flyet var bestilt og ruta til flyplassen i Kuala Lumpur var klar. Frå ankomst Vietnam var det meste usikkert, kanskje me kom til å havne blant dom heimlause i Ho Chi Min City neste natt?!
Taxi og ekspresstogturen gjekk på skinnur, i løpet av 1 time hadde me sjekka inn baggasjen på flyplassen. Mannen i skranken babla i veg om visa eller visum eller noko i den duren. Eg prøva meg fyrst med booking referansen som me hadde betalt i dyre dommer for å pritnte ut på hotellet! Dom krevde 40 kronur for å printe ut 5 ark, så syns det var viktig å få bruka dessa arka til noko fornuftig! Funka ikkje, han babla iveg igjen. Prøva med visa kortet, han babla enda meir. Ahaaa det var visumet kåns til Vietnam han ville ha. Gode til å planlegge som me er, hadde me sjekkat at me ikkje trong noko visum, men konne være 13 dager i Vietnam uten. Me prøva etter beste evne å forklare at me var frå Norge og ikkje trong visum! Han lura fælt og blei tilslutt enig. Kjent å konne lære ein Malayser noko nytt i dag!:)
Flyplassen var ny og flott, gjekk rett gjennom innsjekk, sikkerhetskontroll, passkontroll og enda to sikkerhetskontroller uten å stå i kø! Strøkent!
Passkontrollen i vietnam var null problem sjølv uten visum, baggasjen kom, uttak av penger var det værre med. Tom Roar var vist ikkje kredittverdig her nede, null penger på han;) Taxi til byen var ein opplevelse. Dom pressa inn 4 biler og 10 mopeder i bredda på den 3 felts vegen! Men oppi det heile var et system i kaoset. Fekk kånn ein bussbillett til Mui Ne, kun 15 min å vente. Flaks! Bussen hadde AC, gardiner med preg av skjærgårdsidyll, og lyste som et juletre i mørkeret! Tut å kjør, men i roleg tempo kjørt me ut frå Ho chi min city, godt me ikkje viste at gjennomsnittsfarten dom neste 6 timane skulle være 45 km/t. Trudde me hadde rista av kånn svenskane, men bak kånn på bussen satt ein svensk familie:) Kan umuleg være mange svensker igjen i sverige?!? Ellers var det ein lett blanding av lokale, europeiske turister og 3 kattunger. Både kattungane og me blei litt leie i løpet av turen. Frå starten av turen såg me masse bebyggelse, så gjekk det over til dyrka mark og lange lange strekker med tre nøye planta på rekke og rad. Ingen anelse håssen tre detta var, men blei enige om at det var gummitre sea me hadde lest at landet produserte gummi. Neste fase av turen gjekk med til å prøve å ikkje tisse på kån, samtidig blei me tvinga til å sjå et vitnamesisk popshow på fjernsynet. Det falt ikkje heilt i smak. Eller så gjekk det ein jevn strøm av mopeder langs heile vegen frå HCMC til Mui Ne. Aldri sett så mange mopeder i løpet av 6 timer! Kom tilslutt fram, fant et hotell for natta. Tom Roar lurer på håssen i all verden me skal komme kånn videre frå denna plassen her?!? Utslitte etter turen søvna me tilslutt, mens Gekkoen som budde her romsterte rondt på rommet. Nå har det blitt dag, ser flottere ut her i dagslys, skal ut å sjekke forholda:)
13.01.2014