- Vakna i otta.
- Frokostbuffen var så stor at me gjekk rondt kånn sjølve, rakk nesten ikkje eta før me måtte gå.
- Båtttur med øyhopping. Kosleg tur sammen med ein Indisk storfamilie og et Britisk par. Inderane var veldig opptatt med å få på redningsvester, mens Briten ikkje brydde seg om slikt tull. 1 time på badeøya var i lengste laget for Inderane. Dom satt i skyggen, mens me bada og samla d-vitaminer. Det britiske paret veit me ikkje hått gjorde, men dama var iallefall furten på veg heimatt;) hehe… Tom Roar såg ut som ein kjendis på rømmen frå paparazziane på den jalla tallerken med bilde på som me fekk tilbud om å kjøpe. Å nei, me kjøpte den ikkje.
- Tok ein tur sammen med alle ungane på Underwater world. Det var overraskande stort og bra. Slanger, krypdyr, fugler, sel, pingvin, hai og enorme mengdur fisk, men lite Norske kjenningar. Me lika best dyra med pels:) Og eg vurder å ikkje bade meir i tropiske støk.
- Etter besøket i underwater world åpna himmelen seg. Under den tropisk regnstormen rømte me inn på Starbucks og hang litt der. Herreman for et slit med slikt uvær i ferien:)
- Regnet vara lenge. Så måtte slå i hæl litt tid inne med 45 min refleksologi fotmassasje eller noko i den duren til 70 kr. Den lille gutten som knådde beina mine var utruleg flink. Tom Roar påstend han hadde stjernur i augun og at eg fekk den beste behandlinga:)
- Air Asia flaug kånn til Kuala Lumpur i løpet av kvelden.1 times tur, 295 kr inkludert øredotter og litt bergogdalbanekjøring.
- På flyplassen hoppa me på ein gratisbuss, som me ikkje viste henn gjekk. Stoppa heldigvis på ein togstasjon der et ekspresstog venta, og vips på var me i Kuala Lumpur.
- Sovna fornøgde på Hotel New Winner. Rommet var nytt, reint, ingen vindauge, god seng, air-condition og superraskt internett. Fornøgde var me, hått kan ein egentleg forvente seg for 150 kr for dobbeltrommet? Detta var strøkent.
09.01.2014